FISK

Slik kan vi vita kva fiskebestandar som toler massedød best

Med nye modellar kan forskarane føreseia korleis det vil gå med ulike artar når ekstreme hendingar tek livet av fiskeyngel og ungfisk.

Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera.
Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera. Foto: Colourbox
Torstein Helleve, titan.uio.no
12. okt. 2024 - 11:00

Fiskebestandar har alltid vore utsett for trugsmål. I tillegg til naturlege farar som til dømes sjukdom og framvekst av konkurrerande artar, har menneska tilført risiko for oljeutslepp, forureining og hetebølgjer som fylgje av klimaendringar.

– Ekstreme hendingar kan gje massedød. Og det er ofte dei yngste gruppene som er mest utsett, larvar, yngel og ungfisk. Dei er meir sårbare for ytre påverknad, samstundes som dei kan vere mindre mobile, forklarar fyrsteamanuensis Øystein Langangen ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo.

Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera. Ofte kan ein populasjon byggja seg opp att. Men klarar han ikkje det, står vi overfor det forskarane kallar ein kollaps – ein størrelse som vert definert litt forskjellig, men som for eksempel kan vera at meir enn 75 prosent av bestanden forsvinn.

Slik presenterer Agtira sitt fiskeanlegg. Planen er at det skal sørge for veldig kortreist mat til supermarkeder i Sverige.
Les også

Vil lage fisk på parkeringsplass utenfor kjøpesentre

Populasjonen svingar frå år til år

– Frå ein bevaringsståstad er det nyttig å vita kva artar som er mest robuste for ein massedød. Og frå forskaren sin ståstad er det sjølvsagt interessant å utvida kunnskapen vår uansett, seier Langangen.

– Derfor har vi utvikla modellar for populasjonsdynamikk basert på observerte data for 39 kommersielt nytta fiskeartar. At det er kommersielle artar gjev oss ein skeivheit i modellane, men det er ofte desse artane vi har lange tidsseriar med data for.

Modellane viser korleis populasjonen svingar frå år til år i periodar utan massedød. Oppå denne dynamikken kan forskarane simulera massedødhendingar på egg-, larve- og ungfiskstadiet og studera verknaden på populasjonane.

Risikoen aukar med stor variasjon i kulla

– Vi har simulert massedødhendingar med ulik grad av dødelegheit, låg, middels eller høg. Vi har òg variert kor hyppig massedødhendingane skjer, om fenomenet vert gjenteke med få års mellomrom eller om det berre skjer ein sjeldan gong, fortel Langangen.

– Så har vi variert lengda på massedødhendingane, frå eitt til to–tre år. Hetebølgjer som varar så lenge førekjem i havet. Det var mellom anna ei veldig stor hetebølgje i det austlege Stillehavet som gav ein kraftig nedgang i stillehavstorsk.

– Vi har vi utvikla modellar basert på data for 39 kommersielt nytta fiskeartar, seier Øystein Langangen. <i>Foto:  UiO</i>
– Vi har vi utvikla modellar basert på data for 39 kommersielt nytta fiskeartar, seier Øystein Langangen. Foto:  UiO

Modellane viser fleire faktorar som påverkar risikoen for at ei massedødhending skal føra til ein kollaps. Artar som lever lenger, over fleire år, er mindre utsette enn fisk som er kortliva.

– Risikoen aukar vidare hjå artar der det er stor variasjon i kulla frå år til år. Dersom det skjer ei massedødhending i eit år med eit stort årskull, vil mykje av yngelen bli utradert, og dermed mykje av grunnlaget for å byggja opp igjen eller oppretthalda populasjonen igjen, seier Langangen.

Doktorgradsstipendiat W. Ludwig Kuhn har gjort forsøk med ultralyd i en spesialbygget vannrenne i Vannkraftlaboratoriet ved NTNU. T.h. mastergradsstudent Vera Gütle.
Les også

Ultralyd i vannkraft kan redde fisk i elvene

Fleire moglege tiltak

– Vi har òg brukt mål på tettheitsavhengigheita hjå den enkelte arten. Dersom 50 prosent av larvane døyr, betyr det samstundes at det vert mindre konkurranse om ressursane for dei som overlever, så ein større del vil ofte verta vaksne. For eksempel vert kanskje reduksjonen i talet på vaksenfisk frå kohorten som vart påverka berre 30 prosent.

Langangen sine modellar kan føreseia kva bestandar som er mest utsette ved massedød. I dei tilfella kan det vera aktuelt å setja inn tiltak for å hjelpa bestanden på fote att for å unngå kollaps. Men kva tiltak det skal vera, vil ikkje forskaren forskottera.

– Det har vi ikkje forska så mykje på, så det kan vi ikkje slå fast. Sidan det er kommersielle artar vi har forska på, vil nok mange tenkja at ein reduksjon av fisket er ein nærliggjande moglegheit, seier Langangen.

– Men det er berre eitt av fleire moglege tiltak, og vi har førebels ikkje noko grunnlag for å seia kva tiltak som vil vera det beste.

 Artikkelen ble først publisert på Titan.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.