I dag lyser Statens vegvesen ut kontrakten på den andre halvdelen av tunnelen, frå Hundvåg nord til Hidle. Bygginga skal vere i gang tidleg i haust.
- Interessa for den første delen av tunnelen var stor, så vi håpar interessa er like stor no. Skilnaden mellom dei to kontraktane er at det i denne er ei 100 meter lang bru og ei rundkøyring med undergang, i tillegg til alt tunnelarbeidet, seier Anne-Merete Gilje i Statens vegvesen. Ho er delprosjektleiar for Ryfast.
Frist i juni
Som kjent er Solbakktunnelen ein tunnel med to løp, så totalt er det snakk om rundt 14 kilometer med tunnel som skal byggast.
Fristen for å levere anbod er sett til 6. juni
Nokre Ryfast-fakta
Ryfast består av to hovuddelar:
• Solbakktunnelen: 14,3 kilometer lang undersjøisk vegtunnel mellom Solbakk i Strand og
bydelen Hundvåg i Stavanger.
• Hundvågtunnelen: 5,5 kilometer undersjøisk tunnel mellom Hundvåg og Gamlingen i
Stavanger.
• Begge tunnelane blir bygd med to løp med to felt i kvar retning. Ryfast er avhengig av
Eiganestunnelen, med tanke på finansiering, planar og anlegg.