For neste år tek regjeringa i tillegg sikte på anleggsstart med bompengar på tre prosjekt, med atterhald om tilslutnad frå Stortinget. Regjeringa vurderer det dessutan som aktuelt med bompengeproposisjon og eventuell anleggsstart eller førebuande arbeid på to større prosjekt i 2014.
- Neste år kan det dermed bli oppstart av til saman 16 nye, større vegprosjekt, seier samferdselsminister Marit Arnstad.
Regjeringa foreslår i alt 22,7 milliardar kroner til vegformål i 2014. Samanlikna med 2013 er dette ein auke på om lag 1,7 milliardar kroner eller 8,1 prosent.
I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet er det rekna med om lag 9,3 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.
Som ein del av oppfølginga av Nasjonal transportplan 2014-2023 foreslår regjeringa dessutan at det over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet skal vere ein auke på 500 millionar kroner i dei statlege løyvingane til fylkesvegane.
Den foreslåtte løyvinga på 22,7 milliardar kroner til vegformål over budsjettet til Samferdselsdepartementet er fordelt slik:
- Om lag 9,3 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og vegforvaltning – ein auke på 5,7 prosent
- 11,7 milliardar kroner til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til rassikring – ein auke på 10,8 prosent
- 564 millionar kroner som statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegnettet
- 16 millionar kroner til Vegtilsynet – statleg tilsyn med veginfrastrukturen for offentleg veg
- 516 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
- 433 millionar kroner til ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg statleg godtgjersle til tre vegutbyggingar i perioden 2005-09 etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid, OPS”)
- 176 millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”
Drift og vedlikehald : 9,3 milliardar kroner
Vel 9,3 milliardar kroner er foreslått til drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn og forvaltning av riks- og fylkesvegar. Dette er ein auke på vel 502 millionar kroner eller 5,7 prosent i forhold til 2013.
Om lag tre milliardar kroner er sett av til drift av riksvegnettet. I drifta inngår mellom anna brøyting, strøing med salt og sand, vegoppmerking, vask og reingjering, oppsetting av skilt, skjøtsel av grøntareal, trafikkstyring og trafikantinformasjon.
Til vedlikehald av riksvegnettet er det lagt opp til å nytte om lag to milliardar kroner. Av dette beløpet skal om lag ein milliard kroner nyttast til vedlikehald av vegdekke og vegfundament. Dette vil gi nye vegdekke på om lag 950 kilometer riksveg.
Innanfor det foreslåtte beløpet på vel 9,3 milliardar kroner går drygt 1,8 milliardar kroner til trafikant- og køyretøytilsyn, noko som mellom anna omfattar tenester som blir utførte ved trafikkstasjonane og ulike kontroll- og tilsynsoppgåver. 2,4 milliardar kroner går til forvaltning av riks- og fylkesvegnettet og 355 millionar kroner er sett av til byggherrekostnader innanfor drift og vedlikehald av fylkesvegar.
Investeringar: 11,7 milliardar kroner
Om lag 11,7 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til investeringar på riksvegnettet, medrekna midlar til skredsikring på riksvegnettet. Dette er ein auke på vel 1,1 milliardar kroner eller 10,8 prosent frå saldert budsjett 2013.
I tillegg går om lag 9,3 milliardar kroner i bompengar og anna ekstern finansiering til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.
For 2013 er det prioritert statlege midlar til anleggsstart eller førebuande arbeid på desse elleve nye, større prosjekta på riksvegnettet, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
- E18 Riksgrensa – Ørje i Østfold
- E18 Knapstad – Retvet i Østfold
- E134 Damåsen – Saggrenda i Buskerud (føreset tilslutnad til finansieringsopplegg)
- E18 Bommestad – Sky i Vestfold
- E134 Gvammen – Århus, Telemark
- E39 Hove – Sandved i Rogaland
- Riksveg 509 Sømmevågen i Rogaland
- E39 Svegatjørn – Rådal, Hordaland (føreset tilslutnad til finansieringsopplegg)
- Riksveg 5 Loftesnesbrua i Sogn og Fjordane
- E16 Varpe bru – Otrøosen – Smedalsosen i Sogn og Fjordane
- E6 Indre Nordnes – Skardalen (skredsikring) i Troms
For desse tre prosjekta tek ein sikte på anleggsstart med bompengar i 2014, med atterhald om at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering:
- E134 Seljord – Åmot i Telemark
- E6 Helgeland nord i Nordland
- Riksveg 13 Joberget i Hordaland (skredsikringsprosjekt som føreset at Stortinget sluttar seg til eit opplegg for delvis bompengefinansiering ved å utvide Vossapakken)
Regjeringa vurderer bompengeproposisjonar og eventuell anleggsstart eller førebuande arbeid med bompengar for desse større prosjekta i 2014:
- Riksveg 23 Dagslett – Linnes i Buskerud
- E16 Bagn – Bjørgo i Oppland
Regjeringa vurderer bompengeproposisjonar for desse bypakkene i 2014:
- Bypakke Bodø i Nordland
- Harstadpakken i Troms
2014: 17 større prosjekt blir opna for trafikk
Desse 17 større riksvegprosjekta blir opna for trafikk i 2014, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
- E18 Melleby- Momarken i Østfold
- E16 Kongsvinger – Slomarka i Hedmark
- E6 Minnesund – Skaberud i Akershus og Hedmark
- Riksveg 3 Åsta bru med tilstøytande veg i Hedmark
- E16 Fønhus – Bagn i Oppland
- Riksveg 7 Sokna – Ørgenvika i Buskerud
- E18 Gulli – Langåker i Vestfold
- E39 Vågsbotn – Hylkje i Hordaland
- E39 Lavik ferjekai i Sogn og Fjordane
- E16 Smedalsosen – Maristova – Borlaug i Sogn og Fjordane
- E136 Vågstrandstunnelen (skredsikring) i Møre og Romsdal
- Riksveg 70 Oppdølstranda (skredsikring) i Møre og Romsdal
- E6 Nidelv bru – Grillstad i Sør-Trøndelag
- E6 Harran – Nes bru i Nord-Trøndelag
- E10 Solbjørnneset – Hamnøy (skredsikring) i Nordland
- E10 Trældal – Leivik (skredsikring) i Nordland
- E6 Jansnes – Halselv i Finnmark
Fornyingstiltak – utbetringar i vegtunnelar
I forslaget til riksveginvesteringar er det sett av 280 millionar kroner til fornyingstiltak. Midlane vil i stor grad bli brukte til tiltak for å ta igjen forfall i vegtunnelar på riksvegnettet og for å bidra til å oppfylle krav og reglar for tunnelar.
Innanfor foreslåtte løyvingar til vedlikehald og utbetringar er det òg sett av midlar til tiltak i vegtunnelar. Saman med dei foreslåtte midlane til fornying, er det dermed i 2014 budsjettert med i alt 600 millionar kroner til fornyings-, vedlikehalds- og utbetringstiltak i riksvegtunnelar.
Særskilte tiltak for trafikksikring: 883 millionar kroner
Til særskilte tiltak for trafikksikring langs det eksisterande vegnettet foreslår regjeringa om lag 883 millionar kroner.
Midlane vil i hovudsak gå til tiltak for å hindre dei alvorlegaste ulukkene på riksvegnettet, som møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med påkjørsel av mjuke trafikantar. Sterkare midtmarkering og bygging av midtrekkeverk er mellom tiltaka. I budsjettforslaget er det lagt opp til å byggje i alt 22 kilometer med midtrekkverk på to- og trefelts riksveg. Andre prioriterte tiltak er mellom anna utbetring av sideterreng, vegbelysning og utbetring av kurvar og kryss.
I tillegg til desse særskilde investeringstiltaka langs eksisterande veg kjem den trafikksikringsgevinsten ein får som følgje av rassikringstiltak og utbygging av nye og tryggare vegar. Løyvingane til drift, vedlikehald og trafikant- og køyretøytilsyn er dessutan med på å gjere vegtrafikken tryggare.
Skredsikring: 1 714 millionar kroner
Til skredsikring er det føreslått å løyve 1 714 millionar kroner. Av dette går 1 150 millionar kroner til tiltak på riksvegar, medan 564 millionar kroner er statleg tilskott til skredsikring på fylkesvegar.
For skredsikring på riksvegar er dette ein auke på nær 184 millionar kroner eller 19 prosent, samanlikna med 2013.
For tilskott til rassikring på fylkesvegar er dette ein auke på 13,2 millionar kroner frå 2013.
På riksvegnettet vil midlane i hovudsak bli nytta til å vidareføre prosjekt som alt er sette i gang eller vedtekne.
Gang- og sykkelvegar: 591 millionar kroner
Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande vegar er det lagt til grunn å bruke 591 millionar kroner, fordelt med 441 millionar kroner i statlege midlar og 150 millionar kroner i ekstern finansiering, i hovudsak bompengar. Midlane vil for det meste bli nytta for å få til samanhengjande sykkelnett i byar og tettstader og til utbygging langs skolevegar.
I tillegg kjem bygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet. Desse vil dermed bli finansierte ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.
I forslaget til statsbudsjett for 2014 er det lagt opp til å byggje i alt 51 kilometer gang- og sykkelveganlegg. Av dette skal om lag to kilometer byggjast i byar og tettstader.
Miljø- og servicetiltak: 93,5 millionar kroner
93,5 millionar kroner går til miljø- og servicetiltak langs vegnettet, fordelt med 73,5 millionar kroner i statlege løyvingar og 20 millionar kroner i bompengar.
Ein stor del av midlane skal nyttast til støyskjerming og til tiltak for å følgja opp Statens vegvesen sine forpliktingar når det gjeld internasjonalt regelverk for vasskvalitet
og biologisk mangfald.
Innanfor den foreslåtte investeringsramma til miljø- og servicetiltak er det elles sett av 14,1 millionar kroner til bygging av fire døgnkvileplassar på desse stadene: E134 Røldal i Hordaland, E39 Sokn i Rogaland, E39 Digernes i Møre og Romsdal og E6 Fauske i Nordland.
Innanfor framlegget til riksveginvesteringar er det sett av 150 millionar kroner til prosjektet Nasjonale turistvegar. Satsinga på Nasjonale turistvegar omfattar 18 strekningar som skal utviklast til turistattraksjonar som skal vere med på styrkje Noreg som attraktivt feriemål.