ENERGI

Batteri er fantastisk, men vil aldri kunne bli løysinga på Norges energibehov

For mange bruksområde er batteria overlegne alternativ, men ikkje når det gjeld nasjonal forsyningstryggleik og storskala energilagring, skriv Steffen Oliver Sæle som er teknologidirektør i Norsk Kjernekraft.

Batterilagring for å balansere store mengder sol og vind, er urealistisk både økonomisk og teknologisk, mener artikkelforfatteren.
Batterilagring for å balansere store mengder sol og vind, er urealistisk både økonomisk og teknologisk, mener artikkelforfatteren. Foto: North Sea Energy Park
4. des. 2024 - 12:41

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Ønsker du selv å bidra i debatten, enten med et debattinnlegg eller en kronikk, les retningslinjene våre her.

Batteri har gjort utrulege framsteg. Dei har revolusjonert elektronikk, påverka transport og mange andre område. For mange bruksområde er dei overlegne alternativ, og dei vil fortsetje å bli betre. Men sjølv med slike kvalitetar er det avgjerande å forstå avgrensingane deira – særskilt når det gjeld nasjonal forsyningstryggleik og storskala energilagring.

I det siste har Bård Standal i Fornybar Noreg promotert spådommen om at fallande prisar på solceller og batteri vil gjere stabile kraftkjelder som kjernekraft unaudsynte. Ein forlokkande påstand, men dessverre grovt feilaktig. Den ignorerer grunnleggande økonomi, fysiske grenser og undergrev kor viktig trygg straumforsyning er i Noreg.

Steffen Oliver Sæle, teknologidirektør i Norsk Kjernekraft.
Steffen Oliver Sæle, teknologidirektør i Norsk Kjernekraft.

Standal er ikkje åleine om å fremje påstanden om batteria sine disruptive karakterar. Dette blir også forkynt av aktørar som Jarand Rystad i Rystad Energy og Fredric Hauge i Bellona – sistnemnde er også aksjeeigar i Morrow sin batterifabrikk.

Batteria sine avgrensingar

Dersom batteri skal balansere store mengder sol og vind, må dei faktisk dimensjonerast deretter òg. Vi vil trenge vekevis med lagring for kaldt vêr, lite sol og lite vind, med eit forbruk kanskje tilsvarande dagens topplast. I tillegg treng vi tryggleiksmarginar, sidan lange straumbrot gir stor risiko for liv og helse, særleg for barn, eldre og sjuke. Ingen straum – ingen sjukehus.

Ein lagringskapasitet på om lag 13 TWh kan kanskje vere forsvarleg. Dette svarar til 170 millionar Tesla-batteri. Kostnaden? Rundt 50.000 milliardar kroner – tilsvarande 30 norske statsbudsjett eller 40 millionar kroner per husstand.

Og sjølv dette løyser berre éin del av utfordringa. Energien må først produserast før den kan lagrast. Vedlikehald, utskiftingar og energitap undervegs kjem i tillegg. Batterilagring på denne skalaen er ikkje berre økonomisk urealistisk – det er teknologisk og miljømessig uforsvarleg. Sjølv med avgrensa vekst i forbruket.

Kva med klimakostnaden?

Batteriproduksjon er ressurskrevjande. Som for alt anna, inneber mineralutvinning, transport og produksjon klimagassutslepp, rundt 100 kg CO₂ per kWh. For vårt hypotetiske nasjonale batteri vil dette bety over 1,3 milliardar tonn CO₂ – nærmare 30 gonger Noregs årlege utslepp. Paradoksalt nok vil ein slik strategi for å redusere utslepp i staden auke dei dramatisk.

Retorikk som «batteri blir stadig betre» er heilt riktig, men kontekst er avgjerande. Utan dette kan ein nesten skjøne at toppolitikarar som Mathilde Tybring-Gjedde (H) og vår eigen statsminister Jonas Gahr Støre ser ut til å meine at batteri ein dag kan få i oppgåve å syte for forsyningstryggleik. Truleg finst det flinke lobbyistar i dette landet, men bør ein ikkje forvente meir av våre øvste folkevalde?

Kva er alternativet?

La oss heller sjå på kva som har fungert historisk. Kjernekraft er den energikjelda som raskast har gjeve reelle utsleppskutt. I mange land, som i Sverige og USA, er strategien for å balansere sol og vind også nettopp stabil og føreseieleg kjernekraft. Det er dette som gjev raskast utbygging, lågast prisar og tryggast forsyning.

Politikk som ikkje spelar på lag med naturlovene er diverre garantert å tape. Eit sitat frå den høgt akta fysikaren Richard Feynman passar glimrande i dette høve:

«For a successful technology, reality must take precedence over public relations, for nature cannot be fooled.»

Tysklands forsvarsminister Boris Pistorius (t.h.) var i Bergen for å legge ned grunnsteinen på det kommende ubåtanlegget på Haakonsvern, men benyttet flere ganger anledningen til å foreslå for forsvarsminister Bjørn Arild Gram at Tyskland også gjerne vil samarbeide om fregatter.
Les også

Brukte ubåt-markering til å legge inn frieri om fregatter

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.