NYHETER

Betalar 75 millionar for å unngå rettsak om Dalsfjordprosjektet

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Statens vegvesen Region vest og NCC har inngått eit forlik om oppgjer for uløyste krav etter bygginga av Dalsfjordsambandet. Realiteten er at fylkeskommunen må betala 75 mill kr til NCC.

23. sep. 2014 - 10:28

Forliket vart godkjend av eit samrøystes fylkesting i ekstraordinært møte 23. september. Oppgjeret omfattar alle krav NCC har fremma mot vegeigar Sogn og Fjordane fylkeskommune som følgje av prosjektet fv. 57 / fv. 609, også dei krava som er til handsaming i ankesak i Gulating lagmannsrett. Sogn og Fjordane fylkeskommune betalar eit sluttoppgjer til NCC på 75 mill. kr. Begge partar har strekt seg langt for å kome fram til ei løysing, og ein unngår no å bruke ressursar på vidare rundar i retten.

Forliket gjer at Dalsfjordprosjektet går mot avslutning. Prosjektet vil etter forliket få ein total kostnad på 1302 mill. kr. Dette er 39 mill. kr., eller 3 prosent, meir enn opphavleg kostnadsoverslag. Ved oppstart sette fylkeskommunen av  10 prosent av kostnadsoverslaget til eit avviksfond – altså eit langt høgre beløp enn det som no er nytta.

– Vi er svært nøgde med at alle kontraktane i Dalsfjordsambandet no går mot ei sluttføring. Det at vi har klart å sluttføre dei tre store viktige fylkesvegprosjekta Bremangersambandet, Dalsfjordsambandet og første del av fv. 60 Olden – Innvik til rett tid og innafor dei kostnadsrammene som var føresett, er vi glade for, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.