- Med utbygging av ny E6 mellom Frya og Sjoa i Gudbrandsdalen blir trafikken enda tryggare, og køyretida blir kortare. For folk og lokalsamfunn i området vil den nye E6-strekninga føre til langt mindre miljøbelastning enn det ein har med dagens veg.
Dette seier samferdselsminister Marit Arnstad i samband med eit forslag om utbygging av E6 på strekninga Frya – Sjoa. Forslaget blei lagt fram i statsråd i dag.
Prosjektet omfattar bygging av E6 i ny trasé på nær heile den om lag 34 kilometer lange strekninga Frya - Sjoa i kommunane Sør-Fron, Nord-Fron og Sel, i Oppland. Mellom Harpefoss og Kvam blir vegen lagt utanom tettstadene Hundorp, Harpefoss, Vinstra og Kvam. Den nye vegen får to køyrefelt, midtrekkverk og ei breidd på 13,5 meter. På strekningar med forbikøyringsfelt blir breidda 15,5 meter.
Dagens E6 vil bli gjort om til lokalveg.
Fem planskilde kryss og to
tunnelar inngår i prosjektet, Hundorptunnelen på 4,4 kilometer under Hundorp og
den 3,7 kilometer lange Teigkampen tunnel mellom Vinstra og Kvam.
Tunnelane er planlagde med to løp. Det vil først bli bygd eitt løp med sterk
midtoppmerking. Det andre løpet skal stå ferdig på det tidspunktet
gjennomsnittleg døgntrafikk når 8000 køyretøy.
Kostnadene for prosjektet er no rekna til 4 660 millionar 2012-kroner. I tråd med vedtak i Oppland fylkeskommune og kommunane i området skal utbygginga finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.