- Regjeringa er oppteken av å få meir veg for pengane. Å oppretta regionale bompengeselskap skal etter kvart føra til reduserte kostnader på 50 til 100 millionar kroner årleg for alle bompengeprosjekta i landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
Ny organisering
Per mars 2011 er det 50 bompengeprosjekt og 47 bompengeselskap i Noreg. Etter ny organisering vil ein etter kvart kunna koma ned i 19 selskap eller færre. Tanken er at fylkeskommunane skal samla alle bompengeprosjekta sine i eit bompengeselskap, medan dagens organisering i hovudsak inneber eit selskap per prosjekt. Dersom fleire fylke ønskjer å samarbeida ved å samla prosjekta sine i eit felles bompengeselskap, opnar ordninga òg for dette.
Meir effektiv drift
- Dei frigjorde inntektene ved meir effektiv drift kan nyttast på fleire måtar, til dømes til å byggja meir veg eller forkorta innkrevjingsperioden for bompengeprosjekta, seier samferdselsministeren.
Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å førebu ordninga med fylkeskommunale bompengeselskap som kan omfatta fleire bompengeprosjekt. Eit sentralt krav vil vera at det ikkje må skje kryssubsidiering mellom dei ulike bompengeprosjekta.
![ABB SmartPrat](https://images.gfx.no/80x/1672/1672165/ABB.png)
![Slik kan offshore olje- og gassproduksjon kutte utslipp av klimagasser](https://images.gfx.no/1000x333/2786/2786151/tfmc_deep-purple-green-hydrogen-technology.jpg)
Skisse innen utgangen av året
Departementet vil få ei skisse til nærare utforming av ordninga frå Vegdirektoratet seinast innan utgangen av 2011. Vegdirektoratet allereie i gang med den vidare utforminga av ordninga, i lag med fylkeskommunane Buskerud, Hordaland og Sør-Trøndelag.