I samarbeid med Bokn kommune kjem Statens vegvesen til å starte ein nyreguleringsprosess for E39 Rogfast i Bokn kommune.
– Statens vegvesen har bestemt at Rogfast skal byggast med maks 5 prosent stigning opp til Arsvågen i staden for 7 prosent som tidlegare planlagt. Det betyr at planane for Rogfast må omarbeidast i Bokn kommune, opplyser regionvegsjef Helge Eidsnes.
Opning i 2023
– Men vi kjem til å jobbe for å nå målet om opning av Rogfast i 2023, poengterer Eidsnes.
Tunnelarmen til Kvitsøy blir uendra med 7 prosent stigning.Maks 5 prosent stigning betyr at tunnelen blir vel 1 kilometer lengre. Prisen blir om lag 400millionar kroner høgare med denne løysinga.
Færre brannar
– Ei redusert stigning fører til 20 prosent færre brannar eller tilløp til brannar i tunge køyretøy i tunnelen. Den samla ulykkes- og dødsrisikoen er berekna å bli redusert med rundt 5 prosent, seier regionvegsjef Helge Eidsnes.
Slakare stigning gjer verdas lengste undersjøiske tunnel endå tryggare. Rogfast skal gå frå Harestad i Randaberg kommune til Arsvågen i Bokn kommune. Tunnelenblir bygd med to løp og til saman fire felt. I tillegg blir det bygd ein tunnel med eit løp på omlag fire kilometer opp til Kvitsøy.
To års arbeid
Med bakgrunn i godkjende kommunedelplanar for Rogfast blei det hausten 2011 varsla planoppstart for reguleringsplan for Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar. Reguleringsplanane blei lagde ut til offentleg syning i oktober 2012. Meininga var at kommunestyra skulle handsama desse planane før sommaren i år.