I samband med underskrivinga av kontraktane takka regionvegsjef Ole Christian Torpp entreprenørane for at dei tar utfordringane og er med på anbodsrundane. Kontraktane for dei ulike vedlikehaldsområda gjekk til følgjande:
Kontrakten for Høgsfjord i Sør-Rogaland distrikt, gjekk til Mesta As og er på 48 mill. kr. Kontrakten gjeld i 4 år og her hadde tre entreprenørar gjeve tilbod.
Kontrakten for Indre Ryfylke i Haugaland og Sunnhordland distrikt gjekk til Mesta As og er på 89 mill. kr. Kontrakten gjeld i 5 år og Mesta As var den einaste entreprenøren som hadde gjeve tilbod.
![HP Norge](https://images.gfx.no/80x/2757/2757793/hp%2520logo.png)
![](https://images.gfx.no/cx0,cy1244,cw8192,ch2731,2000x/2848/2848258/hp_day4_roz_ambiente_maja_0384_shot_086%2520(1).jpg)
Kontrakten for Stor Bergen i Bergen distrikt gjekk til NCC Roads og er på 117 mill. kr. Kontrakten gjeld i 5 år og her kom det inn 2 tilbod.
Kontrakten for drift og vedlikehald for tunnelane i Bergen, Bergen distrikt, er på 107 mill. kr. og gjekk til Mesta As. Kontrakten er på 5 år og her kom det og inn 2 tilbod.
Kontrakten for Indre Sunnfjord i Fjordane distrikt er på 57 mill. kr. og gjekk til Mesta As. Kontrakten gjeld for 4 år og her kom det inn 3 tilbod.
Kontrakten for Indre Sogn i Sogn distrikt gjekk til Mesta As og er på 72 mill. kr. Kontrakten gjeld for 4 år og her kom det inn 5 tilbod. Dette er ein spesiell kontrakt på grunn av vintervedlikehaldet av 5 høgfjellsovergangar.
- Eg håper de som entreprenørar arbeider på ein god måte og eg ser fram til å samarbeide med dykk, avslutta regionvegsjef Ole Christian Torpp, i samband med underskrivinga av kontraktane.