- Arbeidet med klargjering av tunnelen har så langt gått bra, og me er i rute. Mesta Elektro har fått opp lys og ventilasjon, og denne veka starta asfaltering av topplaget i tunnelen. Det vil bli opna for trafikk tidleg i oktober, seier byggjeleiar Harald Stadheim på E16 Varpe bru – Smedalsosen.
Nærmar seg
Den lengste delstrekninga på E16 Filefjell nærmar seg dermed opning, og hovudentreprenør Hæhre er i gang med den siste finpussen langs vegen, utbetring av kryss og montering av benkar på busshaldeplassen i Tyinkrysset.
Ordførarne frå dei to vertskommunane Vang og Lærdal har alt vore i møte med Statens vegvesen for å planlegge opningsseremonien.
-Datoen er ikkje spikra enno, men det vil me kome tilbake med så snart det er avklart, seier Stadheim.
Ny teknologi
Elektroarbeida i den 5,8 km lange tunnelen starta i januar. No er kilometervis med kablar trekt, og lys, naudtelefonar og anna kommunikasjonsutstyr mot Vegtrafikksentralen (VTS) montert. Tunnelen har fått siste nytt innan led-belysning, slik at den føles lys og romsleg å køyre gjennom. Lysa går i straumsparemodus når det ikkje er bilar i tunnelen, og dei blir aktivert med sensorar når bilar kjem inn mot tunnelen.
Testing og godkjenning
Etter alt er ferdig montert, skal systema gjennom ein periode med testing opp mot VTS. Så skal det gjennomførast brannøving før tunnelen kan sikkerheitsgodkjennast og opnast for trafikk.
Ein mindre kontrakt på støytiltak ved nokre hus og hyttar og oppføring av toalettbygg ved Grøna Bru er også ute på anbod. Der vil arbeidet starte opp rett over sommarferien.
-Me ser fram til å opne heile delstrekning Varpe – Smedalsosen for trafikk før vinteren set inn. Då har me vintersikker veg over heile høgfjellstrekninga på Filefjell, seier byggjeleiar Harald Stadheim.