FN-organisasjonen, som ble grunnlagt 29. juli 1957, arbeider for fredelig utnyttelse av atomenergi.
Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA) og egypteren ElBaradei ble kjent for folk flest under oppkjøringen til Irak-krigen.
Direktør Mohamed ElBaradei ble svært upopulær i Bush-administrasjonen da han sto fast på at det nyttet med atominspeksjoner i Saddam Husseins Irak, samtidig som president George W. Bush forberedte krigen med den begrunnelse at Saddam hadde masseødeleggelsesvåpen, skriver NTB. Prisen deles i like deler mellom byrået og ElBaradei.
- Uredd talsmann
Nobelinstituttet begrunner prisen slik:
«I ei tid då trugsmålet frå kjernevåpen aukar på ny, ynskjer Den Norske Nobelkomite å streka under at dette trugsmålet må handterast gjennom eit internasjonalt samarbeid så breitt som råd. I dag kjem dette klårast til uttrykk gjennom arbeidet til IAEA og generaldirektøren.
I det kjernefysiske ikkje-spreiingsregimet er det IAEA som held kontroll med at atomenergien ikkje blir misbrukt til våpenføremål, og generaldirektøren har stått fram som ein uredd talsmann for nye tiltak til å styrkja dette regimet. I ei tid då nedrustningsarbeidet står i stampe, der det er fare for spreiing av atomvåpen både til statar og terroristgrupper, og der kjernekrafta på ny ser ut til å spela ei aukande rolle, er IAEAs innsats uvurderleg viktig.
Nobels ånd
I sitt testamente skriv Alfred Nobel at fredsprisen, blant andre kriteria, skal tildelast den som har gjort mest for «avskaffing eller reduksjon av ståande armear». I samsvar med dette kriteriet har Den Norske Nobelkomite i dei seinare tiåra konsentrert seg om kampen for å redusera kjernevåpna sin plass i internasjonal politikk med sikte på å avskaffa desse våpna. At lite er nådd i verda på dette punktet, gjer arbeidet mot kjernefysiske våpen enda viktigare no.»
IAEA har hovedkontor i Wien.