Statens vegvesen har fått inn fem tilbod til opningstilskipinga for Hardangerbrua. Tilboda gir grunnlag for tingingar om ein avtale om oppdraget.
Fire av dei fem selskapa som har levert inn tilbod høyrer heime i Oslo-området, og eitt firma held til i Bergen. Tilbydarane er Dinamo AS, Lysaker, NOR PR AS, Bergen, NRK Aktivum AS, Oslo, 6.sans AS, Oslo og Medvind Eventbyrå AS, Oslo.
Første gongen
Statens vegvesen vil no gå i forhandlingar med selskap på grunnlag av innkomne tilbod. Her vil fleire tilhøve bli vekta. I tillegg til pris tel innhaldet i tilbodet samt gjennomføringsplanen.
Det var halde anbodskonferanse og synfaring på byggjeplassen før jul 2012.
Dette er første gongen Statens vegvesen Region vest held anbodskonkurranse om opningstilskiping på eit vegprosjekt. Det var ein liknande konkurranse då Statens vegvesen opna Operatunnelen i Oslo i 2011.