Terje har gjort ein formidabel innsats for norsk samferdsel gjennom mange år, og det vil merkast at hans store arbeidskapasitet og smittande engasjement er borte. Mine tankar går no til Terje sine nærmaste.
Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at vegdirektør Terje Moe Gustavsen døde natt til laurdag. Han blei 64 år.
- Terje Moe Gustavsen sin innsats har vore imponerande, ikkje minst når det gjeld trafikktryggleik. Som samferdselsminister fremma han Nullvisjonen for Stortinget – ein visjon om ingen drepne og hardt skadde i trafikken. Nullvisjonen blei vedteken i 2001, og har hatt mykje å seie for at talet på drepne og hardt skadde har gått dramatisk ned og no er blant dei lågaste i verda.