Konkurransetilsynet: Tala sin tale kan avsløre prissamarbeid

Konkurransemyndigheiter over heile verda vurderer no høvet til å bruke avansert dataanalyse i kampen mot ulovleg anbodssamarbeid. Såkalla kartellscreening kan avsløre anbodsjuks og spare offentlege innkjøparar for milliardar.

Jarle SkoglundJarle SkoglundJournalist
8. des. 2023 - 15:43

Anskaffingsutvalet leverte nyleg ei utgreiing som skal styrke den offentlege innkjøpsmuskelen. Mellom anna skal forenkling av regelverket bidra til grøn omstilling, slik at Noreg når klimamåla. Vi i Konkurransetilsynet meiner det er avgjerande at data frå anbodsprosessane blir lagra på ein måte som gjer dei tilgjengelege for uttrekk og analyse. Vi må ha ein større og betre databank frå offentlege innkjøp. Dette vil gjere det lettare å avsløre og hindre anbodsjuks, og gi betre kontroll over pengebruken. Konkurransetilsynet har i utgreiinga bidrege med å konkretisere kva data som er viktige for analysen, og vi ser at ein lovendring er naudsynt for å få dette på plass.

For eit år sidan arrangerte OECD ein konferanse der konkurransemyndigheiter frå heile verda diskuterte korleis digital kartellscreening kan avsløre anbodsjuks. Bakgrunnsnotatet frå konferansen understrekar at tilgang til og kvalitet på data er avgjerande, og ufullstendige data er ein av dei viktigaste hindringane for kartellavdekking. Våre erfaringar viser det same biletet.

Konkurransetilsynet arbeider allereie med screening av anbodsdata, med datasett som vi har samla inn. Blant anna ser vi etter mønster som i større grad samsvarer med ulovleg samarbeid mellom konkurrentar enn med konkurranse. Samanstillingar av data frå leverte anbod kan til dømes avdekke mønster som indikerer fiktive bod eller fordeling av oppdrag.

Manuell innsamling og samanstilling er arbeidskrevjande. Digitale prosessar gjer det mogleg å gjennomføre dette meir effektivt og nøyaktig. Føresetnaden er likevel at elektroniske innkjøpssystem legg til rette for gjenbruk av data. Det må difor stillast krav om at grunnleggjande nøkkeldata blir lagra på ein systematisert og strukturert måte. Digital anbodshandtering aukar gjennomsiktigheita, gir ny marknadskunnskap og legg grunnlaget for nye metodar som kan avdekke og hindre anbodsjuks. Eit solid datagrunnlag vil leggje til rette for ein meir effektiv konkurransekontroll, til dømes gjennom bruk av kunstig intelligens. Tilgang til verdifulle data må ikkje baserast på manuelle og arbeidskrevjande løysingar, og det må ikkje være tilfeldig og sporadisk kva data som blir lagra.

I november 2021 gjennomførte Kantar ei spørjeundersøking blant norske bedriftsleiarar på oppdrag frå Konkurransetilsynet. Tilnærma ein av tre svarte at dei meinte  samarbeid som avgrensa konkurransen i eigen bransje. Prissamarbeid, informasjonsutveksling, marknadsdeling og anbodssamarbeid kom høgast opp på lista. Samstundes kjøpte det offentlege Noreg varer og tenester for over 740 milliardar kroner i fjor. Det seier seg sjølv at dersom konkurransen ikkje fungerer, kan både offentlege innkjøparar, forbrukarar og private verksemder bli lurt til å betale ein urettmessig overpris. OECD anslår at dersom ein klarer å hindre ulovleg anbodsrigging, kan ein spare tjue prosent eller meir av kostnadene ved offentlege innkjøp. Dersom vi klarer å hindre slike lovbrot, kan vi spare fellesskapet for store summar. Digital tilgang til data som ein kan stole på vil gjere det mogleg å løysa samfunnsoppdraget vårt på ein betre måte. Ved bruk av kartellscreening kan vi avdekke ulovleg anbodssamarbeid meir effektivt og samstundes hindre fleire frå å delta i anbodsjuks. Dette gir den offentlege innkjøpsmuskelen auka midlar til grøne innan viktige område som infrastruktur, utdanning og helse, i staden for overpris i ein rigga anbodskonkurranse.

 

Kronikken blei publisert på Anbud 365 6. desember 2023. 

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.