NYHETER

Norconsult lavest på Rogfast-planlegging

Norconsult har levert det lågaste tilbodet på jobben med å planlegge og prosjektere veg, tunnelar og konstruksjonar for Rogfast.

25. apr. 2014 - 12:45

Oppdraget omfattar planlegging og prosjektering av E39 Rogfast frå Harestad i Randaberg kommune til Laupland i Bokn kommune.

– Dette er eit stort oppdrag og ein viktig milepåle for Rogfast. Eg er godt nøgd med vi fekk så mange som seks tilbydarar, og at det er store og velrenommerte firma som har levert tilbod, seier prosjektleiar Tor Geir Espedal.

 

Desse seks vil planlegge og prosjektere Rogfast:

1. Norconsult As 85.033.122 kroner

2. Multiconsult As 99.655.400 kroner

3. Sweco Norge As 111.785.873 kroner

4. Cowi As 122.405.950 kroner

5. AF Mott Macdonald Norge As/Geoconsult Zt Gmbtt 144.398.924,65 kroner

6. ÅF Norge As 349.000.000 kroner

 

 

Statens vegvesen skal nå evaluere tilboda og det er venta at kontrakt kan underteiknast før

sommarferien.

Konsulenten som får kontrakaten skal òg lage forprosjektet.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.