Ny metode skal stramme opp Osstrupen bru

Osstrupen bru på fv. 542 sør for Florø skal strammast opp etter 40 års teneste. Eit av alternativa er å spenne opp komposittrøyr inne i brua.

Redaksjonen Våre Veger
19. mai 2017 - 13:38

- Det er eit heilt unikt prosjekt som no blir lyst ut. Metoden me vil nytte har aldri blitt brukt tidlegare og det er lagt ned ein massiv prosjekteringsjobb gjennom fleire år, seier byggjeleiar Sjur Lauvdal i Statens vegvesen.

Osstrupen bru er ei fritt fram-bygd bru med hovudspenn på 198 meter. Sidespenna består av korte balastkassar som er forankra med fjellkablar. Brua er ledda og har ein bevegeleg fuge i senter av hovudspennet. Undergurten (plata i botn av brukassa) har utsparing i ca 20 meters lengde på kvar side av midten. Brua vart ferdigstilt i 1976.

 

Har bøyd seg ned

Brua vart bygd med overhøgde for å kompensere for berekna nedbøying, men nedbøyinga har ikkje stoppa opp, noko som er synleg som eit søkk i skøyten midt ute på bruboga. Brua må difor forsterkast for å stoppe nedbøyinga og i tillegg løfte brua noko på midten. Forsterking av brua er prosjektert av bruavdelinga ved Vegdirektoratet, i samarbeid med konsulentselskapa Johs Holt AS og Fireco AS. Jobben er no utlyst på Doffin.

Metoden som skal nyttast er oppspenning av to røyr inne i brukassa, som skal jekkast frå kvar ende (mot ballastkasse). Utlysinga tek høgde for to alternative løysingar: anten bruk av stålrøyr, eller komposittrøyr av karbonmateriale til oppspenninga. For stål er berekna vekt på røyra 144 tonn, medan komposittrøyr vil vege berre 56 tonn. Røyra skal ha ein diameter på 60 cm.

 

Kompsittrøyr

- Me er spente på om nokon av entreprenørane som leverer inn tilbod vil bruke komposittrøyr. Der er me førebudde på å betala ein noko høgare materialkostnad, sidan kompositt kan gje ein kvalitetsmessig fordel, seier Lauvdal.

Røyra skal festast i undergurten med stålrammer med varierande mellomrom. Alle materialar må fraktast inn i brua gjennom eksisterande utsparing i undergurten, altså matast opp i brua frå ei opning under midten. Det er planlagt at røyra skal heisast inn i brua i ti meter lange seksjonar.

-Dersom prosjektet går som venta, kan det bli aktuelt å bruke denne metoden for å stramme opp andre bruar av likande type, der det er blitt trong for å forsterke konstruksjonen, seier Lauvdal.

 

Tilbodssynfaring 7. juni 

Det er planlagt tilbodssynfaring på brua 7. juni, og fristen for å levere inn tilbod blir tidleg i august.

Tilbydarar får prise to alternative røyrutføringar; stålrøyr og røyr i komposittmateriale. Tilbydarane kan gje tilbod på eitt av alternativa eller på begge. Berre eitt av alternativa vil bli brukt i brua, ikkje ein kombinasjon av kompositt og stål.

I tillegg til oppspenning, skal fuga i senter av brua skiftast, og det skal leggjast fuktisolering og nytt slitelag.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.