NYHETER

Nytt toplanskryss på E39 Susort er ferdig

I morgen åpner det nye toplanskrysset på E39 Susort i Tysvær.

19. des. 2013 - 13:39
Vis mer

Det blir ei markering inne på Tysværtunet i Aksdal kl. 11.00.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Astrid Eide er til stades, saman med Tysvær-ordførar Harald Stakkestad, og ordførar i Bokn, Kyrre Lindanger. Grunneigarane og naboane til prosjektet er også inviterte til denne markeringa.

Krysset mellom E39 og fylkesveg 780 på Susort har fått nye på- og avkøyringsfelt. Dette gjer det mykje tryggare og smidigare for trafikken som skal av og på E39.

– Nord for krysset er vegen i tillegg utvida med eit 1200 meter langt ekstra felt. At vegen no er breiare gjer det lettare for bilistane å køyre trygt forbi. Vi har også fått på plass midtdelar gjennom heile krysset, som er med på å auke trafikktryggleiken, seier prosjektleiar Einar Færaas. Han fortel at det også er bygd 250 meter ny gang- og sykkelveg, og 200 meter traktorveg. Færaas er svært nøgd med å gjere ferdig arbeidet til jul.

– Dette er ei god julegåve til dei mange som tålmodig har snigla seg gjennom anleggsområdet sidan i vår, meiner han.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.