NVE meiner at avbøtande tiltak ikkje vil redusere skadane og ulempene for allmenne og private interesser i tilstrekkeleg grad.
Hensyn
Skadane og ulempene påverkar særleg fosselandskapet i Kandalsdalføret der Tverrelva står sentralt i opplevinga av dalen. Inngrep i fjellet vil redusere inngrepsfrie naturområde av typen villmarksprega og blir liggande nær inn til det føreslegne Naustdal/Gjengedal landskapsvernområde.
![HP Norge](https://images.gfx.no/80x/2757/2757793/hp%2520logo.png)
![](https://images.gfx.no/cx0,cy1244,cw8192,ch2731,2000x/2848/2848258/hp_day4_roz_ambiente_maja_0384_shot_086%2520(1).jpg)
Inngrepa i fjellområdet knytt til inntak og anleggsdrift vil gje varige spor inntil det foreslegne landskapsvernområdet.
NVE har lagt vesentleg vekt på elva sin verdi i landskapsbiletet i den delen av dalføret som er lite påverka av menneskeleg inngrep. Aktiv beitebruk medfører lite skogsvegetasjon i dalen og elvestrengar med stor vassføring er synleg over større avstandar i dalføret og frå omkringliggande fjellområde.
Tverrelva kraftverk ville utnytte eit fall på 430 meter og gje om lag 12 GWh pr. år.