Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal og representantar for arbeidsfellesskapet signerte kontrakten i Eigersund fredag.
Startar med ein gang
- Entreprenøren går i gang med førebuande arbeid. Etter ferien blir det full fart, fortel fungerande prosjektleiar, Anne Margrethe Skretting i Statens vegvesen.
Arbeidsfellesskapet Bjelland/SV Betong hadde lågaste pris av åtte entreprenørar, med 342,6 millionar kroner.
Fylkesveg 505 Skjæveland-Foss Eikeland er første etappe av tverrforbindelsen mellom riksveg 44 Skjæveland og E39 Bråstein. Målet er å få til ein betre forbindelse mellom bustad- og næringsområder, og vegen blir ein del av den framtidige ringvegen rundt Sandnes.
Støyper i seksjonar
Ny fylkesveg 505 må byggast før det er aktuelt med ny næringsverksemd i Kvål-området. Vegen blir viktig for næringstrafikken og kjem til å avlaste vegnettet gjennom Ganddal og Hove.
Brua over godsterminalen på Ganddal, Brunnholen bru, er eit hovudelement i prosjektet. Den blir 25,2 meter brei og 248 meter lang. Det mest spesielle er byggemetoden. Brua blir støypt i seksjonar inne på det eine landkaret og skyvd over godsterminalen med millimeterpresisjon. Dette blir fjerde gongen metoden er brukt i Noreg.
I tillegg til brua blir det bygd nærmare 2,4 kilometer med vegar, gang- og sykkelvegar og ei rekke tilkomstvegar. Mellom anna til Sandnes garn, bustadar og parkering til Vagleskogen.
Alt skal vere ferdig seinast 1. juni 2019.