Signerte siste store Ryfast-kontrakt

Statens vegvesen og Bravida Norge AS signerte i dag elektrokontrakt verdt 267 millionar kroner.

Prosjektleder Gunnar Eiterjord, til venstre, og administrerende direktør i Bravida, Tore Bakke, signerte i dag elektrokontrakten for Eiganes- og Hundvågtunnelen.
Prosjektleder Gunnar Eiterjord, til venstre, og administrerende direktør i Bravida, Tore Bakke, signerte i dag elektrokontrakten for Eiganes- og Hundvågtunnelen. Bilde: Statens vegvesen
Redaksjonen Våre Veger
9. des. 2016 - 09:51

Kontrakten omfattar elektrotekniske anlegg, tryggingsutrusting samt system for styring, regulering og overvaking (SRO) i Eiganes- og Hundvågtunnelen.

- Vi er godt fornøgd med å inngå ein kontrakt med ein stor solid og lokal forankra leverandør.  Kontraktssummen er godt innanfor våre budsjetta, seier prosjektleiar for Ryfast Gunnar Eiterjord.

                                                    

Siste store Ryfast-kontrakt

E39 Eiganestunnelen (3,7 km.) er en del av kyststamveien mellom Kristiansand og Trondheim og brygges i samanheng med rv.13 Ryfast, som består av Ryfylketunnelen (14,3 km.) frå Strand til Hundvåg, og Hundvågtunnelen (5,5 km.) vidare frå Hundvåg til E39.

- No ser vi fram til eit konstruktivt samarbeid med leverandøren også på denne siste av dei store Ryfast-kontraktane, seier Eiterjord.

Elektrokontrakten er en av dei største fastlandskontraktar som er tildelt. Det skal blant anna monterast nær 4000 lysarmaturar, og trekkas cirka 364.000 meter kraft- belysning- signal- ledelys og jordkablar.

- Bravida skal no gjennomføre Norges hittil største elektrokontrakt i tunell, og takkar for tilliten. Vi har erfaring frå mange andre store prosjekt, fleire innan samferdsel, og gleder oss svært til å gå i gong, seier administrerande direktør Tore Bakke i Bravida.

 

Nyttar eigne tilsette

Kontrakten er med å sikre arbeidsplasser, og får også betydning for mange lærlingar.

- Kontrakten betyr mykje for Bravida, og ikkje minst er kontrakten med på å sikre og utvikle lokale arbeidsplassar. Bravida nyttar eigne tilsette i produksjonen, i Norge har Bravida over 2500 tilsette. Ein slik kontrakt støttar ønsket vårt om å satse på eigne tilsette, og sikrar inntak av lærlingar lokalt, seier Bakke.

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.