Når klagefristen er ute om ti dagar, kan kontrakten med arbeidsfellesskapet signerast. Tilbodet frå Bjelland og SV Betong er 342,6 millionar kroner. Åtte entreprenørar leverte tilbod. OHL Obrascons Huarte Lain S.A var høgast på pris med 565,241millionar kroner
Fylkesveg 505 Skjæveland-Foss Eikeland er første etappe av tverrforbindelsen mellom riksveg 44 Skjæveland og E39 Bråstein. Målet er å få til ei betre tilknyting mellom bustad- og næringsområder, og vegen blir ein del av den framtidige ringvegen rundt Sandnes.
Brunnholen bru hovudelement i prosjektet
Ny fylkesveg 505 må byggast før det er aktuelt med ny næringsverksemd i Kvål-området. Vegen blir viktig for næringstrafikken og kjem til å avlaste vegnettet gjennom Ganddal og Hove.
Brua over godsterminalen på Ganddal, Brunnholen bru, er eit hovudelement i prosjektet. Den blir 25,2 meter brei og 248 meter lang. Det mest spesielle er byggemetoden. Brua blir støypt i seksjonar inne på det eine landkaret og skyvd over godsterminalen med millimeterpresisjon. Dette blir fjerde gongen metoden er brukt i Noreg.
Brukar skyvemetoden
- Bjelland og SV Betong er lokale firma. Dei knyter til seg ekspertise til å stå for skyvinga av brua. Doka Norge har tidligare vore underentreprenør for brubygging etter skyvemetode. Den store gevinsten med denne metoden er å spare byggetid ved å bygge begge hovudkonstruksjonane på same tid, fortel prosjektleiar Bjarne Våge i Statens vegvesen.
Sandnes kommune og naboar ynskjer sterkt at vegen frå rundkøyringa på fylkesveg 44 og fram til første rundkøyring, inkludert Brunnholen bru, blir ferdig så fort som mogleg.
Ferdig i 2019
Det er i dette området Posten og Rema 1000 er i gang med å bygge store lagerbygg. Fristen på denne delen er 1. desember 2018, for at vegen kan stå ferdig så fort som mogleg for å avhjelpe trafikkauken i området.
I tillegg til brua blir det bygd nærmare 2,4 kilometer med vegar, gang- og sykkelvegar og ei rekke tilkomstvegar. Mellom anna til Sandnes garn, bustadar og parkering til Vagleskogen.