DRIFT OG VEDLIKEHOLD

Store skadar på fylkesveg 6010 i Vistdalen – vil ta tid å rydde

Fv. 6010 Langevegen har fått omfattande skadar av jordraset som gikk i Vistdalen sist søndag. Det vil ta tid å gjere vegen køyrbar igjen.

Store mengder jord, stein og skog har rasa ut på fv 6010 Langevegen i Møre og Romsdal
Store mengder jord, stein og skog har rasa ut på fv 6010 Langevegen i Møre og Romsdal Foto: Brynjulv Eide/Møre og Romsdal fylkeskommune
Thor SøndenaaJournalist
2. aug. 2023 - 13:27

Fv. 6010 Langevegen og fv. 660 mellom Åfarnes og Eidsvåg vart stengt søndag kveld på grunn av ras og fare for ytterlegare ras i området. Fv. 660 er opna igjen, men Langevegen har fått store skadar av raset, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sine heimesider.

Massedød høyrest ut som ein katastrofe for ein bestand, men det treng det ikkje vera.
Les også

Slik kan vi vite hvilke fiskebestander som tåler massedød best

Brynjulv Eide, teamleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune, fortel at oppryddingsarbeidet for delar av vegen vil bli krevjande:

 – Det er store øydeleggingar på Langevegen. Det har rasa ut store mengder jord, stein og skog i vegbana fleire stader. I tillegg til mykje skadar på sjølve vegbana og infrastruktur, ligg det ei bygning tvers over vegen.

Startar opprydning

Det er usikkert kor lang tid det vil ta å få vegen trygg og køyrbar igjen, men det er tale om fleire dagar.

– Fylkeskommunen vil starte arbeidet med opprydding og reparasjon av Langevegen så snart som mogleg, men det vil ta tid å få vegforbindelse til husa på den strekninga som er hardast råka av ras, opplyser Eide.

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen møtte president Donald Trump i Davos i 2020. De neste fire årene får de to mye med hverandre å gjøre.
Les også

EU blir avhengig av Trump for å skaffe nok energi

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.