Åtte entreprenørar leverte tilbod. Høgaste tilbod var 1,69 milliardar kroner. No er tilboda kontrollrekna og valet av entreprenør gjort. Marti Contractors Ltd. skal ha 1,312 milliardar kroner for Ryfast-jobben.
Internasjonal erfaring
Den sveitsiske entreprenøren skal bygge den eine halvdelen av 14,3 kilometer lange Solbakktunnelen, frå Solbakk til Hidle. Som kjent skal tunnelen byggast med to løp, så totalt skal Marti bygge rundt 14 kilometer med tunnel.
– Vi er veldig glade for å kunne tildele jobben til Marti og bruke deira solide internasjonale erfaring i prosjektet. Det var mange gode tilbod, men Marti vant på lågaste pris. Vi ser fram til eit langt og godt samarbeid, seier Anne-Merete Gilje i Statens vegvesen. Ho er delprosjektleiar for Ryfast.
Snart startar tunnelarbeidet
Det er 10 dagars klagefrist, og kontrakten blir underskriven etter det. Tunnelarbeidet frå Solbakk kan starte så snart entreprenøren er klar etter at kontrakten er signert.
Kontrakten er den første av dei store entreprisane i Ryfast og Eiganestunnelen. Andre halvdel av Solbakktunnelen er lyst ut. Fristen er 6. juni.