Tester seismikk som alternativ til boring

For fyrste gong i norsk tunneldriving er det testa om seismikk kan vere eit supplement til sonderingsboring og kjerneboring. Testen kan gi svar på om metoden kan brukast når Rogfast startar.

Redaksjonen Våre Veger
14. juni 2016 - 08:15

Ved planlegging av undersjøiske tunnelar som Ryfast og Rogfast er resultata frå seismiske undersøkingar det som fastset om prosjektet lèt seg gjennomføre og kvar traséen for tunnelen skal gå. I Noreg er det likevel ikkje tradisjon for å bruke seismikk under bygging av tunnelar. Til no har det berre vore brukt sonderingsboring og kjerneboring. Kjerneboring er imidlertid tidkrevjande og kostbart, og blir normalt nytta i liten grad. Seismikk derimot er billig og tek berre fem timar. 

Eit supplement til kjerneboring

- Eg trur denne velkjente metoden kan bli eit supplement til tradisjonell sonderboring og kjerneboring - også her i landet. Årsaka til at vi ikkje har brukt dette, er fyrst og fremst at vi har betre fjell for bygging av tunnelar enn dei har i resten av sør- og mellom-Europa, og at vi ikkje har tradisjon å bruke seismikk under bygging. Testen kan gi svar på om metoden kan brukast når Rogfast startar, seier seniorgeolog i Ryfast, Øyvind Riste.

Han var med då firmaet Amberg Technologies skøyt seismikk i Hundvågtunnelen i Stavanger. Det blei bora 24 hol to meter inn i fjellet, som blir brukt som skytehol. Lydbølgjene blir deretter analyserte for å kartleggje bergkvalitetane.

- Vi kan med sikkerheit seie korleis bergartane er 150 meter fram frå tunnelveggen (stuffen), fortel Philippe Matter, som er direktør for Europakontoret til Amber. Han har tru på at Noreg er det neste landet som tek i bruk seismikk i tunneldrift.

-Seismikk vil aldri kunne erstatte kjerneboring, for utskriftene vi får er ikkje like nøyaktige. Men i nokre tilfelle kan det spare oss for mykje tid, meiner Riste. Han er spent på om testresultata vil samsvare med bergkvaliteten entreprenøren no skal gjennom. Svara kjem om fire veker.

Kan bli aktuelt på Rogfast

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal vurderer å bruke teknikken når Rogfast skal byggjast. Tunnelen under Boknafjorden er med sine 27 kilometer verdas lengste undersjøiske tunnel, og då kan seismikk bli eit supplement. I Europa er det vanleg å leggje seismikk inn i kontrakten med entreprenøren, men Espedal vurderer å lære Statens vegvesen sine eigne kontrollingeniørar å bruke utstyret.

- Då kan vi kjøpe inn eit sett, og bruke det same utstyret på alle tunnelane. Vi vil drive tunnel på åtte stuffar, og då kan seismikk vere eit effektivt verkty, seier Espedal.   

Vis mer
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.