utdanning
I TU nr. 26/02 les eg at den som vil studere romteknologi bør reisa til Narvik. No er dette vel og bra viss ein gjerne vil halda seg i heimlandet (dessutan er Nord-Norge veldig pent), men viss ein tek sjansen på å kikka litt lengre ut så har eg eit anna forslag: Det Tekniske Universitetet i Delft, Nederland.
Ved fakultetet for Aerospace Engineering kan ein, ved sidan av fleire fly og luftfartsrelaterte retningar og fordjupa seg i romfart. Eg har samanlikna studietilboda i Norge med dei me har her og ser at Delft tilbyr det meste (bortsett frå romfysikk, som stjernefødsler etc., men det har dei i Leiden, 30 minutt reise herifrå).
Aerospace Engineering er ABET kreditert og både undervisning og forskning ved fakultetet vart stempla som verdensklasse under inspeksjonen i sommar.
I det akademiske året 2002-2003 er det fem nordmenn ved dette fakultetet. For 1,5 år sidan tok ein doktorgraden sin her, han jobbar no for Esa.
Sander Elvik