I 2011 betalte trafikantane 6,6 mrd. kroner i bompengar, mens det i 2002 blei betalt inn 3,2 mrd. kroner. Bompengeselskapa hadde 818 mill. kroner i driftskostnader, noko som utgjer 12,5 prosent av bompengeinntektene. Det er eit mål at bompengeinnkrevjinga skal skje med lågast mogleg kostnad. – Undersøkinga viser at dette ikkje er realisert, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Dokument 3:5 (2012–2013) Riksrevisjonens undersøking av bompengeforvaltninga blei overlevert Stortinget 11. desember 2012.
Aukande automatisering av bompengeinnkrevjinga har i stor grad medverka til at ein har nådd målet om minst mogleg ulemper for trafikantane.
Med automatiseringa var det føresett at driftskostnadene skulle reduserast. Driftskostnadene sin del av bompengeinntektene og kostnad per passering blei redusert frå 2002 til 2005, men etter 2005 har disse auka og var i 2011 høgare enn i 2005.
Tapar 172 mill på dei som ikke betalar
Selskapa har store tap på fordringar som følgje av at trafikantar ikkje betaler for sine passeringar. I 2011 utgjorde dette 172 mill. kroner for selskapa.
Manglande bruk av brikke i automatiske anlegg medfører kostnader – mellom anna til biletebehandling – for selskapa. I tillegg er det tapte inntekter fordi selskapa ikkje klarer å identifisere køyretøya.
– Vegmyndighetene bør derfor sette i verk tiltak for å sikre at fleire trafikantar bruker brikke, seier riksrevisor Jørgen Kosmo.
Svakheter ved Vegvesenets oppfølging
Samferdselsdepartementet har en svært overordna styring og gir i lita grad styringssignaler på området. Det er svakheter ved Statens vegvesens oppfølging av bompengeselskapa. Undersøkinga påviser blant anna store forskjellar i bompengeselskapa sine låne- og innskots-vilkår. Det er dessutan vesentlege manglar knytt til konkurranseutsetjinga ved selskapa sine innkjøp av driftsoperatør. Både låneforvaltning og innkjøp er sentrale tiltak for å sikre lågast mogleg kostnader ved bompengeinnkrevjinga.
Statsråden framheld at departementet vil sørgje for en best mulig oppfølging av Riksrevisjons funn og anbefalingar og at departementet nå vil ta et tydelegare styrings- og oppfølgingsansvar.