Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som ønskjer å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør merke seg denne internasjonale utviklinga.
Vil vite kvar metallet kjem frå
Det finske gruveselskapet Terrafame, satsar på å setja opp verdas største fabrikk for produksjon av nikkel til batteri i 2021, og direktør Joni Lukkaroinen sa nyleg: «Kundane er vil ha berekraft. Det er årsaka til at elektrifiseringa skyt fart. Europeiske kundar vil vite kvar metallet kjem frå, og korleis det blir vunne ut – ikkje barnearbeid, ikkje sjødeponi – kundane seier klårt nei til slikt.»
Industri- og gruveselskapet Eramet, som har tre smelteverk i Noreg, skal produsere nikkel frå ei ny gruve i Indonesia, og avviser å dumpe gruveavfallet i sjø. Miljødirektør Samuel Dufay uttalte nyleg: «Dette er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800-talet, ein æra me trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver. Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, me vil ikkje bruke denne teknikken.»
Bør svarteliste sjødeponi
Til EU-kommisjonen skriv Eramet at sjødeponi bør bli svartelista: «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.»
Bilprodusenten BMW slutta seg i år til IRMA, eit system for miljøstandardar i gruvedrift, som mellom anna ikkje aksepterer dumping av gruveavfall i sjø. Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, og ikkje lenge etter Teslas utspel, trekte eit kinesisk selskap søknaden om dumping av avfall i sjø frå ei ny indonesisk nikkelgruve.
Filmer og politiske dokumenter ble undersøkt: Ny teknologi er alltid med i fremtidsvisjoner
På tide med norsk forbod mot dumping
I Noreg er det fleire selskap som planlegg å starte produksjon av batteri eller å levere material til produksjon av elbilar og andre område for elektrifisering. Den internasjonale utviklinga tyder på at også dei norske selskapa bør halda seg langt unna material produsert i gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø, eller ved bruk av andre metodar med stor skade på miljø eller brot på menneskerettar. Dette bør investorar merke seg.
Me minner om vedtaket på den internasjonale naturvernkongressen i 2016 (IUCN): «Ber alle statar å forby deponering av gruveavfall i sjø for nye gruver så snart som mogleg, og å planleggja ein stopp for pågåande sjødeponi.» I 2019 la Chile ned forbod mot dumping etter 2023. No er det på tide at også Noreg følgjer opp, for ikkje å koma heilt i utakt med internasjonal utvikling.
EUs nye superfond kan svekke norske muligheter