Regjeringa har i dag lagt fram eit forslag til Stortinget om utbygging og finansiering av E6 Moelv-Øyer i Hedmark og Oppland, heter det i ei pressemelding fra Nye Veier.
Nye Veier har ansvaret for prosjektet. Kostnadane for strekningen er redusert med fem milliardar kroner fra 2016.
- E6 Moelv-Øyer: Innspillene skal være digitale
Pris i 2016: 16,2 milliardar
– Eg er sjølvsagt glad for at kostnadane i forslaget vi no legg fram er sterkt redusert. I 2016 såg prislappen ut til å bli om lag 16,2 milliardar kroner. No er talet 11,3 milliardar kroner etter at både Statens vegvesen og Nye Veier har jobba ned kostnadane. I tillegg har Nye Veier AS klart å auke trafikantnytta med rundt 800 millionar kroner, seier Dale i meldinga.
Strekninga er 43 kilometer lang og skal byggast som firefelts veg med ei fartsgrense på 110 km/t. Dette førar til ei tidssparing på nesten ti minutt samanlikna med i dag.
Ferdig i 2025
– Utbygginga av E6 mellom Moelv og Øyer vil styrke Mjøsregionen som ein felles bu- og arbeidsmarknad. Strekninga er viktig både for næringslivet og folk som skal til og frå jobb, skule og fritidsordningar. Med trafikksikker firefeltsveg forsterkar og vidareutviklar vi E6 som hovudferdselsåre mellom Østlandet/Sørlandet og Trøndelag/Nord-Norge, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i pressemeldinga.
Ny E6 vil fleire stader følge same trasé som i dag. Dette gjeld strekningane Biri-Øyresvika og Storhove-Øyer. Forbi Lillehammer kjem vegen til å krysse Lågen lenger nord enn dagens E6, med tunnelar sør og nord for den nye brua.
Første delopning er planlagt allereie i 2023, mens heile prosjektet skal stå ferdig i 2025.
- Planleggingen startet i forrige uke: Ny firefelts mellom Moelv og Øyer