PROSJEKTER

Signerte kontrakt på to tunnelprosjekt i Stryn

Over fem kilometer tunnel skal bygges.

Prosjektsjef for tunnel i Hæhre Entreprenør, Øystein Birkeland, og Tone Oppedal, styrings- og strategisjef i Statens vegvesen, signerte i dag kontrakt på bygging av to tunnelar i Stryn.
Prosjektsjef for tunnel i Hæhre Entreprenør, Øystein Birkeland, og Tone Oppedal, styrings- og strategisjef i Statens vegvesen, signerte i dag kontrakt på bygging av to tunnelar i Stryn. Foto: Statens vegvesen
27. feb. 2019 - 16:03

Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Hæhre Entreprenør på bygginga av Blaksettunnelen på fylkesveg 698 og Flotunnelen på fylkesveg 722 i Stryn, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Kontrakten har ein verdi på 490 millionar kroner.

LES OGSÅ: Seks entreprenører kjemper om tunneloppdrag til en halv milliard

Tunnelprosjektet i Stryn er ei totalentreprise, det betyr at entreprenøren både skal prosjektere og bygge tunnelane.  Dette er ein stor skilnad frå ei vanleg hovudentreprise der prosjektet er ferdig prosjektert av Vegvesenet innan utlysing.

– Før Hæhre kan ta første spadetak skal vi også igjennom ei samhandlingsfase. Målet er å førebu anleggsstart, og rydde opp i potensielle misforståingar og konfliktar før arbeidet startar, seier Øystein Tytingvåg, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Hæhre er no i gang med prosjekteringsarbeidet, og ser føre seg oppstart i mai. Entreprenørfirmaet har i dag fleire store prosjekt i Nordland, men kjem til å flytte mannskap og ressursar sørover. I tillegg til tunnelprosjekta i Stryn, har entreprenørfirmaet også fått oppdraget med å oppgradere Vadheimstunnelen på fylkesveg 55 i Sogn.

– Passa godt inn

– Prosjektet i Stryn passa veldig godt inn i porteføljen vår, for vi har ledig kapasitet på tunneldrift. Totalentreprise er ikkje noko nytt for oss, men det blir spennande, seier Øystein Birkeland, prosjektsjef for tunnel i Hæhre Entreprenør.

I utgangpunktet har dei tenkt å starte på begge tunnelane tilnærma samtidig, og drive frå den eine sida. Rigging og førebuande arbeid startar opp til våren, og så startar tunneldrivinga etter ferien.

LES OGSÅ: Stort tunnelprosjekt i Stryn lagt ut på anbud

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.